Hanne Bergljot Oftedal og Gro Marie Svidal
«Feleflaum og sogestraum» er namnet på ein leiken og stemningsfull forteljarkonsert. Her får du møte jenta som spelar i huldrebryllaup, og du får høyre andre gamle eventyrskattar frå Vestlandet.
Hanne Oftedal har fordjupa seg i tradisjonell forteljarkunst.
Gro Marie Svidal er ei av dei mest anerkjende og virtuose folkemusikarane våre, med lang erfaring i sceniske produksjonar.
inngangspenger: kr 100,-